GJESTEBLOGG: Ein heilskapleg frivilligheitspolitikk?

Eli Ulvestad

UNDERSKREVET: Eli Ulvestad, generalsekretær i Noregs Ungdomslag

Frivillighet Norge samla 14. januar dei frivillige organisasjonane til toppleiarkonferanse. Dei politiske partia var samtidig invitert til ein paneldebatt for å kome med sine lovnader om frivilligheitspolitikk i framkant av stortingsvalet.

Omgrepet ”heilskapleg frivilligheitspolitikk” vart nytta av fleire, som eit omgrep på i kva grad staten legg til rette for gode rammevilkår for frivillige organisasjonar. Mykje av debatten dreia seg om momskompensasjon og skattefrådragsordning for private gåver.

Våre organisasjonar representerer nærare 47.000 medlemmer, fordelt på hundrevis av lokale lag i heile Noreg. Vi stiller oss undrande til at momskompensasjon og skattefrådrag for gåver til frivillige organisasjonar blir trekt fram som dei mest vellukka tiltak for at staten har ein heilskapleg frivilligheitspolitikk. Desse ordningane handlar om inntekter for å drive organisasjonen, i liten grad om inntekter til å skape aktivitet.

UNDERSKREVET: Frode Aleksander Rismyhr, generalsekretær i Norsk Frilynt Ungdomsforbund

UNDERSKREVET: Frode Aleksander Rismyhr, generalsekretær i Norsk Frilynt Ungdomsforbund

Skattefrådragsordninga – uvesentleg for mange
Skattefrådragsordninga medfører at privatpersonar får skattefrådrag på pengegåver dei gir til frivillige organisasjonar. Det er ofte ideologiske forskjellar organisasjonane i mellom som avgjer om ein dreg nytte av denne ordninga. Dei som i størst grad dreg nytte av denne er organisasjonane med ein ”givarkultur,” dvs. internasjonale og trus- og livssynsorganisasjonar.

Skattefrådragsordninga er utvilsamt viktig for organisasjonar som får store inntekter frå private gjevarar. Ordninga kan likevel neppe seiast å vere sentral i ein heilskapleg frivilligheitspolitikk, når inntektene for mange organisasjonar er forsvinnande små.

UNDERSKREVET: Sølvi Egner-Kaupang, generalsekretær 4H Norge

UNDERSKREVET: Sølvi Egner-Kaupang, generalsekretær 4H Norge

Momskompensasjonsordning – uforutsigbar og avgrensa
Momskompensasjonsordninga blei innført i 2002 for å kompensere for meirkostnadene frivillige organisasjonar fekk då det blei innført moms på kjøp av varer og tenester. Regjeringa har trappa opp ordninga gjennom fleire år, med målsetjing om full kompensasjon. Det er likevel fleire svakheiter ved ordninga. I dag mottek organisasjonane kompensasjon i desember, for kostnader som var påført i rekneskapsåret før. Så lenge vi ikkje får full kompensasjon, veit vi ikkje kor mykje vi får kompensert før på slutten av påfølgjande rekneskapsår. I verste fall 23 månader etter at vi hadde kostnadene. Dette gir store budsjettutfordringar og vanskar med å planlegge aktiviteten på ein god måte.

UNDERSKREVET: Astrid Seime, generalsekretær i Norges Bygdeungdomslag

UNDERSKREVET: Astrid Seime, generalsekretær i Norges Bygdeungdomslag

Ei anna utfordring er at laga pliktar å gjere frådrag for ny-, på- og ombyggingskostnader for fast eigedom. Lokallaga våre eig om lag 250 lokale ungdomshus – ofte dei einaste forsamlingslokala i bygda. Husa blir brukt til både lagsaktivitet og offentlege arrangement. Mange av husa er bygd på dugnad i mellomkrigsperioden. Det betyr at dei har behov for kostbar rehabilitering. Den største kostnadsposten for mange lag kan altså ikkje takast med i søknaden om momskompensasjon. Dette i motsetnad til idrettslag med tilsvarande kostnader. Vi har fleire døme på hus som er eigd i fellesskap av idrettslag og våre lag. Idrettslaga får kompensasjon for kostnader til investering i nytt treningsgolv, medan våre lag ikkje blir kompensert for kostnader til investering i nytt dansegolv. I det same huset. Høyrde vi heilskapleg frivilligheitspolitikk?

Tilskot til opplæringsaktivitet – utegløymd
I paneldebatten på toppleiarkonferansen nemnde ingen av politikarane tilskota som blir gitt til opplæringsaktivitet i organisasjonane gjennom studieforbunda og Vaksenopplæringsforbundet (VOFO) når ein snakka om den heilskaplege frivilligheitspolitikken.

Politikarane uttrykker ønskje om å auke dei frie midlane til organisasjonane, og etter vårt syn er tilskot til opplæringsaktivitet nettopp frie midlar til aktivitet. Midlane gir organisasjonane høve til sjølv å setje dagsorden, og til å finansiere aktivitet ut frå eigne behov og ønskje.

PÅ TRYKK: Innlegget fra de fire generalsekretærene kunne leses i Nationen lørdag, 26. januar.

PÅ TRYKK: Innlegget fra de fire generalsekretærene kunne leses i Nationen lørdag, 26. januar.

Opplæringa som blir gitt i dei frivillige organisasjonane famnar vidt, men det som er felles for alle som gjer seg nytte av ordninga, er at midlane skaper aktivitet, i staden for å finansiere drifta av laget. Organisasjonane utdannar instruktørar, leiarar og tillitsvalde. Dei som får skolering blir satt i stand til å skape aktivitet og meir opplæring for tusenvis av menneske – eigenskapar som er svært viktige for samfunnet, og som ikkje vert stimulert på same måte i skulesystemet.

Tilskotet gir også organisasjonane moglegheit til å vidareføre ulike kulturtradisjonar. For våre organisasjonar handlar det om å skolering i lokale og nasjonale kulturtradisjonar innan mat, folkemusikk/-dans, handverk og scenekunst.

Politikarane er opptekne av ubyråkratiske og enkle tilskotsordningar. Tilskota til opplæringsaktivitet er både ubyråkratisk og lett tilgjengeleg. Likevel har tilskotet over statsbudsjettet stått stille over fleire år.

Ein heilskapleg frivilligsheitspolitikk krev likebehandling og fokus på opplæring i organisasjonane
Dei frivillige organisasjonane skaper lokal aktivitet og aktive medborgarar, og utviklar lokalmiljøa til gode samfunn for innbyggarane. Statlege tilskot til opplæring er eit sentralt verkemiddel for å få dette til.

Vi meiner at ein ikkje kan snakke om ein heilskapleg frivilligheitspolitikk og finansiering av frivillig sektor utan at ein også snakkar om finansiering av opplæringsaktivitetane i organisasjonane.

Vi utfordrar difor dei politiske partia til å prioritere finansiering av opplæringsaktiviteten i organisasjonane, og også ta med denne når ein vurderer i kva grad staten fører ein heilskapleg frivilligheitspolitikk. Samtidig etterlyser vi tiltak for å fjerne forskjellsbehandling mellom ulike typar organisasjonar innanfor dei same tilskotsordningane.

Eli Ulvestad, generalsekretær Noregs Ungdomslag
Frode Aleksander Rismyhr, generalsekretær Norsk Frilynt Ungdomsforbund

Sølvi Egner-Kaupang, generalsekretær 4H Norge
Astrid Seime, generalsekretær Norges Bygdeungdomslag

Om VOFO

VOFO er studieforbundenes interesseorganisasjon i Norge. Vi har 15 studieforbund som medlemmer, og jobber for deres rammevilkår. VOFO engasjerer seg i voksnes læring, og i denne bloggen skriver vi om det som opptar oss på dette feltet!
Dette innlegget ble publisert i Uncategorized, VOFO mener og merket med , , , , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s