Fleksibel læring – ikkje mindre læring

Er det på høg tid å sjå på fråfall i vidaregåande skule med nye augo? I kommentaren «vakt dykk for fråfallet» i Dag og Tid 10. august, peikar Jan Inge Sørbø på fleire faremoment både i tankane og retorikken vår omkring den vidaregåande skulen. Han skriv at «dei resonnementa som gjeld no, er at fråfall frå skulen både er tap av eit gode, og har farlege konsekvensar.”

Vi som arbeidar med vaksne si læring møter mange som ønskjer å avslutte ei utdanning dei aldri gjorde ferdig, eller som gjennom modning og erfaring har funne ut at det òg er naudsynt med teoretisk kunnskap.

Det vi ønskjer av framtidas kunnskapspolitikk er mellom anna fleire og betre høve til læring for denne gruppa: Dei som gjerne vil byggje kunnskap og kompetanse som dei kan bruke i arbeidslivet, og i livet elles, men som ikkje finn seg til rette i det formelle utdanningssystemet. Vi ønskjer ein kunnskapspolitikk der ein vedgår at det finst fleire vegar til kunnskap enn den gamle skulebenken, og at høve til å lære er meir avgjerande enn retten til å gå på skulen.

Det er kva du lærer som er viktig, det veit allereie ein halv million kursdeltakarar hos studieforbunda. Der har dei funne ein meir fleksibel måte å skaffe seg kompetanse på. Det kan vere gjennom intensive samlingar, nettkurs eller andre former for læring som passer for dei. At det fins fleire vegar til kompetanse, det veit også dei (alt for få) som nyttar høvet til å få vurdert realkompetansen sin i staden for å gå gjennom det formelle utdanningssystemet for lære oppatt ting dei kan frå før.

Det er viktig for oss og for velferdssamfunnet vårt at staten tek ansvar for ein kunnskapspolitikk som famnar alle. Når om lag tretti prosent av elevane ikkje finn seg til rette i den vidaregåande skulen, er det ganske sikkert ikkje hos desse elevane feilen ligg.

«Det er mi alvorlege meining at færre burde gått vidaregåande», skriv Sørbø i sin kommentar. Det tykkjer Vaksenopplæringsforbundet er å starte i gal ende. Det er vår alvorlege meining at utdanning og kunnskap er eit stort gode. Vi må søkje eit samfunn som gir gode høve for læring til alle som ønskjer det – ikkje bare til dei som passar inn i utdanningssystemet slik det er i dag.

Ellen Stavlund
Assisterande generalsekretær

Innlegget står på trykk i Dag og Tid 24. august

Om VOFO

VOFO er studieforbundenes interesseorganisasjon i Norge. Vi har 15 studieforbund som medlemmer, og jobber for deres rammevilkår. VOFO engasjerer seg i voksnes læring, og i denne bloggen skriver vi om det som opptar oss på dette feltet!
Dette innlegget ble publisert i VOFO mener og merket med , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s